Winnebagopila

Romanen Winnebagopila er oppfølgjarboka til Draumen om ein flat åker, men kan òg lesast uavhengig av den første boka.


Boka er utgjeven frå Kapabel Forlag, men eg har avtale om å selje signert bok frå eige forlag (Otterå Heien Forlag). Du kan kjøpe boka her ved å bruke VIPPS til nr. 733692 eller bankkonto 0530.49.46042. Prisen er kr. 389,-

Eg sender signert bok til deg. Ønskjer du å gje boka i gåve og treng fleire? For tre eller fleire er prisen kr. 350,- pr. stk!

Du kan få begge bøkene (Winnebagopila og Draumen om ein flat åker) samla for kr. 650,- fritt tilsendt.

Har du kommentarar eller spørsmål, ta kontakt på epost

Baksidetekst:
«Ein varm sommardag i 1873 kjem Martinus Brekke og reisefølgjet fram til den vesle stasjonsbyen Ridgeway i det nordaustlege Iowa. Livet blir ikkje heilt som dei nyframkomne hadde tenkt seg, og ei dramatisk hending snur om på fleire planar.

Det er gått vel tjue år sidan dei første nybyggjarane kom og urfolket blei jaga vekk. Vi følgjer innvandrarane gjennom det første trekvart året i Amerika og får eit innblikk i livet til både nybyggjarar og urfolk.

Boka er oppfølgjaren til Draumen om ein flat åker, men kan også lesast for seg.»

Tilbakemeldingar:

Lesar i Fitjar:
«Eg har lese med stor interesse, og håpar det kjem fleire bøker i serien. Detaljrikdomen og faktaopplysningane i denne boka avslører ein grundig forfattar.»

Lesar i Bergen:
«Jeg tror på hvert ord

Lesar i Trondheim:
«Akkurat ferdig å lese din fantastisk godt skrevne bok. Mye historisk fakta, skikkelig inspirerende, alt sammen

Lesar i Agder:
«Winnebagopila har eg kosa meg med nå i påska. Sei meg gjerne til om der kjem fleire bøker

Lesar i Sunnfjord:
«Takk for veldig spennande lesing

Lesar i Connecticut (USA):
«Kunne ikke legge vekk boka. Måtte lese videre!»