Draumen om ein flat åker
Gåve til ein som likar historiske forteljingar? Denne er nå på tilbod, kr. 325,- kr. 275,-
Oppfølgjarboka (Winnebagopila) kom i 2025. For informasjon om Winnebagopila, og kjøp, sjå her.
Signerte bøker sendes portofritt innanlands
Lesar i Bergen:
«Det er som ei sorg at eg snart er ferdig med boka. Eg vil lesa meir!«

Baksidetekst:
«I perioden 1825 til 1920 emigrerte nær 800 000 nordmenn til Amerika.
Odelsguten Martinus vaks opp på Brekke sør på Huftarøy saman med far, stemor, halvsøsken og besteforeldre. Handlinga tek til i 1845, året før Martinus blei fødd, og går fram til 1873 og den dramatiske reisa til Amerika. Martinus var ein av 302 passasjerar på barken «Valkyrien» som to gonger var nær å forlise. Dramatikk var det òg i livet til Martinus før han reiste, i kvardag og kjærleik, som sildefiskar og kyrkjebyggjar.
Dette er ei forteljing om ein familie frå Sunnhordland og ei amerikareise. Forteljinga er òg eit stykke noregshistorie som går langt utanfor bygda og landet sine grenser.»
Tilbod!
Boka er utgjeven frå Kapabel Forlag, men eg har avtale om å selje signert bok frå eige forlag (Otterå Heien Forlag). Du får tilsend signert bok (Draumen om ein flat åker) for kr. 325,- kr. 275,- inkludert porto
Bruk Vipps til 733692. Hugs å oppgje adresse.
Om du ikkje har Vipps kan du betale i Nettbanken til konto nr. 0530.49.46042. Oppgje adresse og telefon. Om ønskjeleg kan du kontakte meg på epost
Oppfølgjarboka (Winnebagopila), om opplevingar og overraskingar i Amerika det første året (1873), er også klar. Du kan få begge bøkene (Draumen om ein flat åker og Winnebagopila) samla for kr. 650,-
Fleire tilbakemeldingar:
Lesar i Fitjar:
«Språket er så leikande lett at det er ein fryd å lesa.»
Lesar i Island:
«Det var en stor opplevelse fra begynnelse til slutt. Historien er spennende og den er her presentert på en levende og vakker måte.»
Utdrag frå bokmelding i avisa «Marsteinen»:
«Eg synest boka vert meir og meir spanande for kvar side. På sjøen og havet er Otterå sine ord i sitt ess. Eg ser òg for meg den fagre ungkvinna på Island, uvêr og sjøsprøyten i andletet. Hjartebanken, det som nesten endar i forlis.»
Lokalhistorikar i Fitjar:
«Eg vart heilt med i handlinga då eg las. Du har gjort ein stor jobb med research, og lukkast svært godt med skildringa av livet på våre kantar i den aktuelle perioden.»
Lesar på Nord-Møre:
«Veldig kjekt å lesa denne boka!!!! 👍»
Lesar på Jæren:
«Boka var kjempekjekke 👍»
Lesar i Rogaland:
«Takk for en nydelig leseropplevelse. Dessverre tok boka altfor fort slutt! …
Glede og sorg deles med hovedpersonene samt undring over hvordan forfatteren klarer å flette inn stemninger i rommet eller mellom personene i en dialog. …
Takk for en flott bok — håper det kommer flere.«
Bokbloggar Linda Hagen:
«I denne boken får vi følge odelsgutten Martinus, som vokser opp på ei bygd i Sunnhordland, fra året han blir født og til han reiser til Amerika for å prøve lykken der.
Jeg synes dette var en nydelig bok med en god historie, og velbeskrevne skildringer av hvordan livet kunne være på 1800-tallet for mange av oss. Gleder og sorger. Håp og drømmer. Om å holde på drømmene og gjøre alt for å kunne realisere de.
Ikke bare er det en bok, men et flott stykke norgeshistorie også. Og for ei som elsker både bonderomantikk, drømmer og historie, så var denne boken midt i blinken. Den er skrevet på nynorsk, men det gjorde faktisk boken mer ekte.
Anbefales på det varmeste!
Tusen takk for denne nydelige boken.»
—————————————–
Om du har lese boka og vil gje ei tilbakemelding kan du skrive ein kommentar her.